Heile 45 påmelde ekvipasjar

Det blir mange særdeles flinke gjetarhundar å sjå på Døssland i helga når Gjetarhundnemnda i Kvinnherad sau og geit står som arrangør av Landsprøven, ein prøve i Norgesserien for gjetarhund. Når dette føregår i Kvinnherad for aller første gong, er det svært passande at det skjer på denne garden. Det var nemleg der ein av pionerane i trening av gjetarhundar i Kvinnherad, Halvard Døssland, trente opp Bingo, Tinka og dei andre gode Border Colliane han hadde frå 1970- talet og utover. Han hevda seg då godt i NM for gjetarhundar.

Halvard Døssland frå tida han dreiv med gjetarhundar. I helga skal 45 hundar gå opp til prøve på Døssland

Gunnar Henning Bakka i arrangørnemnda fortel at det heile startar laurdag kl. 08.30, og så går det over 2 dagar. Deltakarane kjem i hovudsak frå Hordaland, Rogaland og noko frå Sogn. Sidan dei lokale arrangørane ikkje har fått startlistene enno, dei blir trekt torsdag kveld, kan han ikkje seia om det er deltakarar frå Austlandet eller lenger nord denne gongen. Det er fleire kvinnheringar som skal delta. Det er eit svært krevjande program kvar av dei 45 hundane med eigar skal gjennom.
– Det er ein svært avansert prøve, ein såkalla klasse 3 prøve, høgaste klasse i Norgesserien, seier Gunnar Henning, og når han beskriv prøveløypa skjønar eg ikkje at ein kan klara å få hundane til å gjera det. Derimot må det bli interessant for publikum å følgja med på korleis hundar og eigarar løyser oppgåvene saman gjennom løypa på Langhaug (sjå toppbildet) på eigedommen til Bjarte Døssland og Edle Lomheim.
– Det vil bli sett opp sperring like bak dommarane så publikum vil sjå like godt som både dommarane og hundeeigaren, fortel Gunnar Henning.

For publikum er det viktig å vita at det blir parkering på parkeringsplassen til idrettslaget. Det blir mogeleg å bruka toaletta i idrettshuset. Dei vil takka for denne hjelpa frå idrettslaget.
Elles blir det salg av både varm mat, kaffi og kaker.

Arrangørane har alt lagt ned eit godt førebuingsarbeid så det ligg til rette for eit kjekt arrangement både for deltakarane og publikum. Dei er svært takksame for at dei får bruka sauene til Lisbeth Stensletten og Roy Døssland. Dei er og godt vande med hund, noko som er svært viktig. Takksame er dei også for at dei får bruka bakkane til Edle Lomheim og Bjarte Døssland.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Thor Inge Døssland og arkiv