Tre laksar på over 7 kg.

Det har blitt landa ein del fine fiskar i Uskedalselva etter opninga fredag. Etter litt lite vatn ved opninga, kom regnet og det blei svært gode fiskeforhold. Dette gav mange fine fiskeopplevingar.
Jone Rørheim Kjærland fekk dei to største laksane. Begge blei tatt søndag. Den største var 8,2 kg og 100 cm lang, men den andre var ikkje lagt etter med 7,2 kg og lengde på 93 cm. Storfisk fekk også Viking-legenden Johnny Furdal som er ein ivrig sportsfiskar. Han landa ein laks på 7 kg og 76 cm.
Det er elles teke fleire fine laksar, og vi merkar oss at ungguten Lars Jostein Almås har fått fleire flotte fiskar, – mellom anna på 6,4 og 4,3 kg. Alle laksane som er fiska til no, er tekne på mark, og dei tre største er tekne på Haugland. Det er også blitt fiska store fiskar lenger nede i elva.
Nokre fine sjøaurar er det også blitt. John Torbjørnsen har tatt den største på 2,3 kg på Øvre Feet. Den er tatt på spinnar, og medan det er mark som har dominert i laksefiske, er flesteparten av aurane tatt på spinnar og fluge.
Det er kjekt å sjå at det er villfisk som er registrert.

Meir om fiskeresultat og fisket elles finn de på eleveguiden.no

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.