Då eg hadde meg ein rundtur på Rabben Feriesenter forrige mandag, kom eg i kontakt med ein stor flokk frå familien Strømme frå Stord/Haugesund. Dei budde i hytter i øvre enden av plassen, og dei var ein god gjeng, sjølv om nokre hadde tatt seg ein tur då eg var der. Det viste seg å vera familiane til søstrene Tove og Ingeborg Anne i tre generasjonar. Dei nytte livet saman på feriesenteret, og det var slett ikkje første gong!
Tove og Ingeborg Anne var systrene til Martha som var gift med førre eigaren på Rabben, Steinar Myklebust, til ho gjekk bort for nokre år sidan.

Arnfrid (f.v.) med sonen Lars, Tove og Ingeborg Anne nyt ferielivet på Rabben feriesenter

Eg tok ein prat med Tove og Ingeborg Anne saman med svigerdotter til Tove, Arnfrid Vågslid Skjæveland og son hennar Lars. Ingeborg Anne fortalde at ho hadde feriert på Rabben i mange år.
– Så lenge søster mi levde og gutane var små, så var me her i veldig mange år. Så har det vore ein pause til i fjor. Då gjenopptok me tradisjonen med å møtast her, og no avtalar me dato frå år til år. Me har alt bestemt det med tanke på neste år. I juli neste år er me tilbake, og då er truleg bror vår med familie her og, så då blir me endå fleire, innleiar Ingeborg Anne før ho overlet ordet til søstera.
-Eg har vore her kvart år heilt frå eg fekk barn. No er han 42 år, og er med her. Han slutta med bleiene her. Me har sagt til alle dei tre at det er her de slutta med bleier, seier ho og ler.
Svigerdottera, Arnfrid, har naturleg nok ikkje vore med så lenge.
– Eg kom vel med i 2021 då eldsteguten vår var 1 år, og sidan har eg vore med kvart år, fortel ho medan ho forklarer Lars at det var før han var fødd, og at han har vore med sidan han var liten baby.
Arnfrid fortel vidare at ho syns det er veldig kjekt å vera med storfamilien i Uskedalen.
– Dette er ein nydeleg plass. Dette er jo nesten Norge i eit nøtteskal. Fjell og sjø, fint ver og veldig kjekt for ungane, då, med leikeplass og bading veldig nærme. Vi har vore veldig mykje borte i skuleområdet med barnehagen, skateparken, fotballbanen og sykla med sparkesykkel på den banen der borte. Der er mykje kjekt, rosar Arnfrid medan Lars skyt inn at han har vore der og sparka fotball.
– Ja, og så tar me oss ein tur til Rosendal og kjøper is hos bror hennar(Øystein Skjæveland) på Isrosa, skyt svigermora inn, medan dei legg til at der har dei vore i Steinparken, og elles har no nokre hatt seg ein Husnestur.
Elles brukar dei stort sett dagane til soling og bading i det nydelege veret.
– Me er jo så nærme den flotte stranda. I går var me 4 turar og bada, fortel Tove. Dei rosar Magne Heggøy for den flotte jobben han gjer med stadig oppgradering av anlegget.
– Han er flink og kjekk, og har veldig lange arbeidsdagar, men me trur han kosar seg, seier dei samstemt.
– Me går litt frå hytte til hytte og drikk kaffi og brus. Nokre av oss går på småturar og joggar litt. Me har vore på båttur rundt Skorpo og litt innover fjorden. Me har lånt båt hos Magne. Det er så roleg og fint her. Og så søv me så godt her, avsluttar dei samtalen, men heilt til slutt måtte eg spørja kor mange dei eigentleg var.
– I går var vi vel 17, og i dag kjem det 3 til, var svaret.
– Ja, og så har no eg hatt litt av min familie her. Søster mi, mannen og tre ungar var her og låg i telt no i veko. Dei har vore her fleire år, dei og, supplerer Arnfrid.

Neste juli er storfamilien tilbake, og då er dei truleg endå fleire med broren sin familie med i laget.

Tekst, foto, nett: Thor Inge Døssland