Store planar for rulle- og skatepark på område ved skulen og kunstgrasbanen.
På SpareBank 1 – stiftinga Kvinnherad si gåveutdeling kom det fram at planlagd skatepark på Husnes vert flytta til Uskedalen. Det førligg plan for korleis ein kan kombinera to prosjekt, rullepark og skatepark. Arbeidsguppa med mellom anna Per Korsvold og Chris Fossli i spissen var på gåveutdelinga og presenterte innhaldet i prosjekta. Med rause gåver frå bankstiftinga vert det no laga skisse til korleis ein kan bruka område på ein god måte.
Arbeidsgruppa ynsjer å laga ein rullepark som kan nyttast av alt frå sykkel, sparkesykkel, rollerblades og rullebrett. Men også at det kan brukast som ein del i rulleski-trening. Det blir ein mjuk overgang med Skateklubben, som brukar element som ramps. Per Korsvold fortel til uskedalen.no at det det vert ein del nye element og nye utfordringar. Traseen skal mellom anna også kunna brukast av dei med sparkesykkel. Arbeidsgruppa har profesjonelle aktører med på laget som skal stå for design og utforming.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal