Eit titals personar fann vegen til Fjellandsbø i dag. Den yngste på isen låg i vogn og var berre tre månader gamal. Nokre var samla i ei gruppe. Isen er trygg og du kan ta deg fram over alt bortsett frå utløpet til sjølve Uskedalselva. Isen er ikkje den beste for skeising, men nokre parti er godt brukande. Då er det berre å finna fram skeisene og varmedressen og ta turen til Fjellandsbøvatnet.

Nokre fyrte på grua og grilla pølser.
Isen er trygg, om ikkje den beste for skeising.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal