Veterandampbåten STORD 1 kjem til Kvinnherad onsdag 11. og torsdag 12. august. Det er lagt opp til to turar i kommunen. Påmelding og kjøp av billettar på: www.stord1.no eller www.stord1.ticketco.events/no/nb. Turane med dampskipet er i samarbeid med lokalavisa Grenda. Dei som abonnerer på Grenda, får 20 % rabatt.

Harald Sætre frå Uskedalen er i ledige stunder mannskap på STORD 1.
  • Onsdag 11. august går turen frå Sunde, gjennom Høylandsund og Fjelbergsund, til Sæbøvik og attende til Sunde. Avgang kl. 10.00 og retur om lag kl. 15.00.
  • Torsdag 12. august går turen frå Rosendal til Mauranger med retur til Rosendal. Avgang kl. 10.00 og tilbake om lag kl. 16.00

Det er servering ombord. Truleg er det med lokalkjend guide på begge turane.

Veterandampbåten STORD 1 er bygd på Laksevåg og levert HSD i 1913. Skipet var bygd for langrutene ut frå Bergen mot Sunnhordland og Hardanger. STORD 1 er i dag eit maritimt museumsskip. No har du sjansen til å få oppleva den gamle dampen i Kvinnherad. Harald Sætre frå Uskedalen er til vanleg mannskap på STORD 1 og dersom det høver slik, er han sikkert med på begge turane.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal