Sist helg blei det meldt om storutfart til Ulvanåso. Slik er det også denne helga. Det nydelege vårveret med gode snøforhold trekkjer til seg sprekingar frå fjern og nær. Mange går opp frå Tveitedalen og får seg ein nydeleg tur der. Andre vel den endå sprekare varianten og går opp frå kalkestasjonen her i Uskedalen. Svært mange gjorde det i dag.

Straumen med bilar gjekk jamnt inn mot kalkestasjonen på føremiddagen, og då uskedalen.no var innom var det tett i tett med parkerte bilar. Vi talde til 15 bilar og 1 skuter.

På plassen møtte vi også fire hyggelege ungdommar som nett hadde gjort seg klare til å starta på oppstiginga. Alle var godt utstyrte og hadde solide sekkar og sjølvsagt ski. Dei var eigentleg frå eit spreidd område i heile Sør-Norge, Drammen, Valen, Fredrikstad og Arendal, men no var dei busette på Stord og på Austevoll.

Ein av dei, Renate Haugland Solheim, har aner til Uskedalen og Gravene. Ho er dotter til Monika Høyer Haugland, og var nok veteranen i gjengen når det galt turar til Ulvanåso. Men det var også ei venninne som hadde vore der før, faktisk i går, og den opplevinga var så flott at den måtte gjentakast så fort som mogeleg. Dei to siste var etter det eg skjøna på skitur i Ulvanåso for første gong. Dei la lett og forventningsfulle på veg opp stien. Framfor dei venta ei flott oppleving! Mange hadde starta oppturen før dei, og dei fire kunne fortelja at det var fleire som hadde gått av garde medan dei hadde gjort seg klare på parkeringsplassen.

Mange nyttar nok det fine vårveret til å komma seg ut på tur. Truleg er det også mange som har litt lengre utflukter på programmet i dag. Vanlegvis populære turar som den til kalkestasjonen og opp Pålavegen, var relativt lite besøkt. Det var nokre faste travarar som valde desse turane.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.