
Stor tilstrøyming av turfolk i Eikedalen i dag.
Eikedalen og Flåtene er truleg det medt populære turmålet i Uskedalen for tida. Mange finn vegen med start anten ved Vassverket eller ved Elins Matgleder på nedre Fet. Nokre vel å gå på skogsveg, andre likar best den tradisjonelle stien. I dag kom ei gruppe frå ytre luten til Uskedalen. Dei kallar seg Aktiv i 100 – gruppa. Toril Byrkjeland Tjelmeland og Elin H. Lien er turleiarar. Turleiar i Eikedalen var Else Marie Eik. Ho er til vanleg med på turane i gruppa.

Aktiv i 100 går tur kvar tysdag. Turmåla har til no vore i område Utåker, Sandvoll og Valen. Nokre turar har vore i Sundeområde og på Halsnøy. På mest alle plassane er det fine og godt merka turar.
Toril fortel til uskedalen.no at i dag talde gruppa 35 damer og ein mann. Til vanleg er det berre damer, for det meste pensjonistar frå ulike bygder. I 2021 var snitt- talet 27. I den myrkaste tida på vinteren tek gruppa pause, det same frå medio juni til medio august.

Turen i Eikedalen i dag var ukjend terreng for dei fleste, bortsett frå nokre medlemer frå Eik. Dei kjenner sjølvsagt Eikedalen godt.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Toril Byrkjeland Tjelmeland