Stor stas då Stine Skarveland og Adrian Hope gifta seg på Festidalen.
Dønhauglåven var pynta med portal, lauv, blomar, lys og slør då Stine Skarveland og Adrian Hope gifta seg på Festidalen i dag, nokre timar før Kurt Nilsen gjkk på scenen. Anbjørn Høivik, sektorleiar i Kvinnherad kommune, vigde Stine og Adrian til rette ektefolk. Høivik har over mange år vore ein sentral person i drifta av Festidalen.
Markeringa i dag er ei historisk hending i Festidalen si soga, sidan det er fyrste gongen at dette skjer. Stine og Adrian takk ja til Festidalen sin invitasjon om å leggja vigslesermonien til Dønhaug denne helga. Leiinga i Festidalen ynskjer å halda fram med slike markeringar i åra som kjem.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Cassandra Grundtvig Jesperen - Kvinnheringen