Audun Eik observerte denne veka ein kaie-flokk på 30-40 fuglar som var på tur opp dalen. Dei landa på bakkane både på Myklebust (bildet) og på Haugland. Kaie er ein art i kråkefamilien, men den er noko mindre enn kråka, ca 35 cm lang og veg mellom 200 og 250 gram. Den har også ein annan lyd. Dessutan er den mest fullstendig svart berre med grå nakke og kvitaktige augo. Kaia er ein svært dugande flygar og gjer gjerne akrobatiske leiker under flygingar.

I Norge hekkar kaia i spreidde koloniar i låglandet, mest rundt Mjøsa og i Trøndelag og Rogaland. Kaia er knytta til dyrka mark, og finst spesielt i område der det er korndyrking. Den er den einaste i kråkefamilien som er holrugar og har gjerne reira sine i hol i tre, skorsteinar og andre stader med godt vern. Der byggjer paret kvistreir som blir fora med hår og ull. I april legg hoa 4-5 blågrå egg med svarte eller grå flekker. Hoa er åleine om ruginga, og rugetida er 17-18 dagar. Hannen deltar i matforsyninga.
Norsk ornitologiskforening har berekna at det hekkar mellom 5000 og 6250 kaiepar i Norge.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Audun Eik