Imponerande dugnadsinnsats!!

Det var imponerande å sjå forvandlinga som klasserommet i Gamleskulen der eg begynte i 1. klasse, hadde gjennomgått då Buldreloftet blei offisielt opna onsdag kveld. Arbeidet er gjort på dugnad, og Chris Fossli måtte innrømma at han hadde vore altfor beskjeden då han hadde anslått 200 dugnadstimar i Kvinnheringen tidlegare. Eldsjelene bak Buldreloftet er nok ikkje blant dei som skriv dugnadstimar med gaffel. Her kan dei nok gonga opp talet betydeleg!

Emil Stafsnes og Chris Fossli fortel Grenda-journalist Morten Nygård om prosjektet. De kan lesa om opninga både i Grenda og Kvinnheringen.

Dei to eldsjelene, Emil Stafsnes, busett på Sunde, og Chris Fossli, var svært så fornøgde med frammøtet, og det strøymde til med interesserte frå heile kommunen, i alle fall frå heile strekningen frå Halsnøy til Rosendal. Dei møttest først i lokalet til Kafè Tiaren der dei blei mottekne med pizza, brus og klementiner, og kika litt på klatrevideoar, før Emil Stafsnes og Chris Fossli fortalde litt om buldring, bygginga av buldrerommet og reglar for bruk av det. Dei fortalde at rommet var ferdig snikra ved påsketider, og etter det har arbeidet gått i festing av grep og ferdiggjering.
Etter denne økta var det klart for ein tur opp trappa, og mange prøvde det nye tilbodet.

Erle Marie viste gode buldreferdigheter.
Chris smaug seg som ein ål rundt i rommet.

Buldreloftet skal vera ein plass der brukarar kan komma og gå når det passar, og dei har lyst. Det blir gratis for medlemmer i Uskedal Idrettslag. Ved å venda seg til Emil Stafsnes, mobil 481 13 024, ordnar han det slik at dei får ein app som dei kan bruka når dei skal inn på Buldreloftet. Derfor er det viktig at alle tar ansvar slik at det er kjekt å komma det for dei neste som kjem. Det må alltid vera med ein vaksen som er ansvarleg.

Emil Stafsnes seier at dei håpar dette skal bli ein samlingsplass for klatreinteresserte som skal styrkja det klatremiljøet som er i ferd med å bli bygt opp her i Uskedalen. I den samanhengen nemner han den store auken det har vore på klatringa med sikring som føregår i hallen til faste tider. Buldring er ei heilt anna form for klatring. Her er ikkje sikring på same måte, med derimot eit lag med “tjukkasar” over heile golvet. Det er ei glimrande form for allsidig styrketrening og kroppsbeherskelse.
Innimellom harde buldreøkter er det også lagt til rette for at at ein kan slappa av med ein runde biljard i naborommet. Det er også vannkokar og mikrobølgeomn der om ein skulle ønskja noko i magen mellom øktene.

Solveig hadde heilt tydeleg erfaring frå buldring.
Samarbeid mellom søstrene Anna og Ebba.
Ebba smyg seg rundt med styrke og god kroppsbeherskelse.

Det er eit flott nytt tilbod som er opna i klatrebygda Uskedalen. Eg trur svært mange kan få glede av det, og viss ein lurer på noko, kan ein berre ta kontakt med Emil Stafsnes eller Chris Fossli.
No er det berre å få realisert planane om klatretårnet før klatretilbodet er komplett!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.