Kunstutstillinga med Gaute Haugland og Kjell Musland er opna, med godt frammøte frå mange bygder i Kvinnherad. Kunstnaren sjølve stod for det musikalske innslaget med toradarmusikk og komp. Thor Inge Døssland tok initiativet og har hatt ansvaret for førebuing og praktisk tilrettelegging. Uskedal Utvikling ved Gunn Mari Moberg er formell tilskipar. Kjell Musland er kjend på nasjonalt nivå. Gaute Haugland er mest kjend frå veggmåleria sine ute. Etter utstilling i Bergen nyleg med måleri, lampar, figurar og andre installasjonar er namnet alt meir profilert. Det ligg mykje arbeid bak produksjonen til begge kunstnarane. Då er det viktig å få dei fram i lyset. Utstillinga er open i dag og i morgon, sundag 19. mars, kl. 12 – 16. Det er kunstkafe v/ Liv Astrid Myhre. Ho serverer god og velsmakande mat.

Utstillarane stod sjølve for det musikalkse innslaget ved opninga. Gruppa fekk namnet Kjell Gautes.
Thor Inge Døssland hadde ideen og har arbeidd fram denne utstillinga i Gamleskulen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal