Det er registrert stor interesse for hummarfiske i Storsund, både frå yrkesfiskar og frå om lag 15 fritidsfiskarar. Hummarfiske frå 1. oktober til 30, november er strengt regulert med krav til teiner, fluktopning, minste- og maksmål og merking. Kvar fiskar kan bruka inntil 10 teiner. Minstemålet på hummaren er 25 cm. Maksmålet er 32 cm. Hummar mindre enn minstemålet skal setjast ut att. Teiner og fiskekassar for oppbevaring skal vera tydeleg merka med namn og adresse. Staten ved Fiskeritilsynet er på inspeksjonsrundar. Ved tilsyn straks etter opning vart det ikkje påpeika ulovleg fiske i Kvinnherad.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal.