Det er registrert stor interesse for bygdekafeen i dag, torsdag 9. februar. Det er ikkje påmelding, men på sosiale medier ser vi at nær på 30 personar har meldt frå om at dei kjem og vil ta middagen i Gamleskulen. I tillegg kjem alle som elles vil nytta seg av dette tilbodet. Primus motor, Liv Astrid Myhre, har motteke positive tilbakemeldingar. Opningtida er frå kl. 13.00 til kl. 18.00. Prisen er kr. 120,- for betasuppe med brød, karamellpudding og kaffi, kr. 40,- for påfyll. Drikke: Brus (10 kr) og saft (5 kr). Kaffi og noko attåt. Dessert: Karamellpuddig. Det er sjølvsagt vanskeleg å vita kor mange som kjem og dermed kor mykje mat ein skal laga. Liv Astrid i samarbeid med Uskedal utvikling er tilskipar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat