Stor interesse for å støtta hjelpesendinga til Ukraina.
Det var til tider bilar i kø i dag for å avlevera sekker med klede, sko og anna utstyr til THK si hjelpesending til Ukraina. Fram til opplasting på trailer neste måndag 23. oktober er det høve til å støtta innsamlinga. Det let seg løysa ved å kontakta Tormod Myklebust. I dag var det frammøte frå heile Kvinnherad, frå Fatland i sør til Mauranger i nord. Med på lasset denne gongen er det mellom anna sekker med kle, brannsløkkingsutstyr frå tidlegare Eidsvik skipsbyggeri, sengkle/handkle frå eit lokalt vaskeri, stolar, rullestolar, madrasser og barnevogner. Til opplastinga neste måndag trengst det hjelp. Dersom du har tid, set av nokre timar. Nøyaktig tid kjem seinare.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal