Ungdomslagshytta Fjelly på Hauglandsfjellet er populær som aldri før. Vi er allereie fullbooka tre helgar i september. Har du vurdert å ta ein tur til Hauglandsfjellet? Då har vi ei spennande nyheit til deg. Laurdag 17. august serverer vi ein herleg middag som alle turgåarar kan nyte. Og om du vil tilbringe kvelden og natta der, så har vi bestilt godt ver, og fyrer opp bålpanna. Skal du ha noko leskandes drikke utover saft laga på fjellvatn, så pakkar du det i sekken sjølv. 

For å sikre deg ei smakfull oppleving/seng å sove i, tilrår vi å bestille på førehand. Det er sjølvsagt plass til å setje opp telt om ein vil det. Send oss ei melding eller ring oss for å reservere din plass/måltid. Kom og nyt ein flott dag i naturen med ein fantastisk middag som avslutning. Vi gler oss til å sjå deg! Ta kontakt: Anita Enæs : 90320878 Magnhild Haugland : 91592757.

Tekst: Hyttestyret
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal