Stor ineresse for Helselaget sitt temamøte om musikk og helse.
Det var godt frammøte til helselagsmøte i går kveld med tema: Musikk og helsefremjande tiltak. Bakgrunnen er at Uskedal heselag sende Rustne Menn på konferanse i Bergen 19. januar. Det var referatet frå denne samlinga som var utgangspunktet for ei drøfting og tankar om vidare arbeid med å styrka folkehelsa ved meir bruk av song, musikk, rytme og dans. Politikar og tidlegare ordførar, Synnøve Solbakken, var med på møte. Det same var Geir Ove Fosse og Ellen Korsvold frå Kvinnherad kommune. Det var også frammøte frå helselag i andre bygder.
Rustne Menn la fram eit grundig referat frå konferansen med vekt på forsking, dokumentasjon, organisering og praktisk bruk når det det musikk og helse. Kunnskapen er der. No er det snakk om å ta denne i bruk. Gode døme kom fram frå kommunane Kinn og Øygarden. Begge har musikkterapeutar i arbeid. I Kinn er musikkterapeuten også dirigent i ulike kor. Rustne Menn framførte tre songar, alle for å stimulera til meir song, rytme og glede.
Musikk og rytme har god verknad, anten vi er passive mottakarar eller meir aktiv med rørsle, ved bruk av rytmeinstrument og ved dans. Den siste folkehelsemeldinga har dette som fokus: Ver aktiv, gjer noko saman om det som er meiingsfullt.
Geir Ove Fosse fortalde om praksis i Kvinnherad og kva den eine musikkterapeuten i 100 % stilling vert brukt til. Kvinnherad kan syna til god erfaring i denne tenesta.
Thor Inge Døssland frå Veteranbandet orienterte om konsert- og songprogrammet deira. Tiltaket til Musikklaget er tilrettelagt og vert godt motteke.
Grethe Brundtland ville ha eit desentralisert musikktilbod i mindre grupper, ikkje demenskor.
Synnøve Solbakken har fremja sak om demenskor, noko ein ikkje har funne løysing på enno. Eli Roseth Eik frå Uskedal helselag fortalde om Allsongen på Kafe Tiaren, Syng med oss på Rosendalstunet og kva meir helselaga kan gjera for å få igang aktivitetar. Det er snakk om å søkja prosjektmidlar sentralt frå Nasjonalforeningen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal