Det regnar godt og det merkast godt på elva. Fleire på Kjærland har lagt merke til at den går over Kadlasteinen, velkjend stein i elveløpet ved Leirhålo. Når vatnet går over den, er elva på høgste merket, blir det sagt. Meldingar om stor elv resulterte i ein kjøretur rundt dalen og nokre bilde av tilstanden. Fleire stader fløymde vatnet utanfor elveløpet, også på plasser der det har skjedd sjeldnare etter førebyggingar dei seinare åra. Eg let bileta tala for seg.
Over ser vi korleis elva fossar over Kadlasteinen. Bildet er teke frå den slake svingen i Leirhålo.

Det er ikkje så ofte vi ser at elva fløymer slik utover bakkane ovanfor Skulebruo etter den siste førebygginga.
Ved Djupehølen var også bakkane dekka med vatn.
Elva var mektig frå Leirhålo og mot Storebru.
Tverrelva hadde fått mange nye naboar.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland