Fredag var siste dag på Landsskyttarstevne på Lesja. Det vart ein veldig spennande dag då den unge skyttaren frå Uskedalen, Per Håkon Korsvold, skaut finale i finfelt. Han klarte å skyta seg opp frå 36. til 2.plass.

Det var ein kald, litt vindfull, men fin morgen på Lesja der tre finalister med tilknytning til Uskedalen var klare for finalen i feltskyting. Først ut var Per Håkon Korsvold som låg på 36.plass etter innleiande runde der 30/16 vart resultatet. Det var i alt nærare 300 skyttere i klassen rekrutt, så det å ta seg til finalen var i seg sjølv ein siger for Per Håkon.

Etter fantastisk skyting i finalen med 12 treff og 10 sentrum, klatra han oppover resultatlista og var brått i fokus samt på storskjerm inne på arenaen. Det vart nokre spennande minutt med tv-kamera framføre seg medan anvisninga pågjekk. Han enda på ein strålande god 2.plass og er særs nøgd, sjølv om det er snakk om millimeter frå 1.plassen.

Strålande nøgd etter 12/10 serien

Med han på finalen var den næraste familien, samt fleire frå Kvinnherad skyttarlag, som alle var like glade og stolte av den unge skyttaren. Det er godt samhold i skyttarlaget der det er god støtte å få frå dei meir erfarne skyttarane i laget.

Hanne Bakke Berntsen skaut også finale i dag, på 200 meter grovfelt. Med litt rufsete vind vart ho litt lav på sin serie, men klarte å få inn 10 treff med 2 sentrum. Dette gjorde til at ho enda på ein fin 19.plass av totalt 169 skyttarar. Ho er særs nøgd og syns det var utruleg kjekt å få delta i ein finale på sjølvaste LS.

Sambuar til Hanne, Anders Gjerde, var også i finale i dag der han enda på 8 treff og 2 sentrum. Han vart nummer 30 av 368 deltakarar som er ei flott plassering.

Det har vært ei flott veke på Lesja med gode prestasjonar frå både unge og litt eldre skyttarar. No er resten av Kvinnherad skyttarlag reist frå Lesja. Særlig ein ung skyttar reiser heim med ekstra motivasjon for å trena mot neste år og LS i Målselv.

Tekst/nett: Marianne Korsvold
Foto: Marianne Korsvold, Per Korsvold, Hanne Bakke Berntsen