Det var det vi kallar for “stinn brakke” på Vonheim i går ettermiddag. Det var ein kjempekjekk basar, stappfullt hus med frammøte frå grenda, frå bygda og frå andre stader i kommunen. Møyfrid Kristoffersen frå styret og basarnemnda er godt nøgd med frammøte og resultatet. Ho prøvde å telja. Det var ikkje lett, men talet var mellom 70 og 80. Heile sju babyar med tilknyting til grenda, var der også. Møyfrid fortel til uskedalen.no at ikkje minst borna fekk eit minne for livet, det å få vera med på ein god gamaldags basar i Vonheim.

Full sal i Vonheim. Alle som sit under gallerriet, kjem ikkje med på bilete.

Det kom inn mange gevinstar, både på førehand og på sjølve basaren. Ei stor takk til alle som gav gevinstar, som tok lodd og som kom i Vonheim. Innan utgangen av gårsdagen var ikkje resultatet kjend. Det vil koma seinare. Inntekta går til drift og vedlikhald av forsamlingshuset Vonheim.

Tekst/nett: Kristin Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/Møyfrid Kristoffersen