Vann sin klasse i halvmaraton.

Kari Bråtun fulgte opp den flotte innsatsen frå fjorårets løp då ho laurdag vann sin klasse, K23-34, i halvmaraton då Sunnhordland Maraton 2022 blei arrangert på Leirvik. Kari tilbakela dei vel 21 kilometrane på 1:35:56. Med det var ho om lag eit halvt minutt raskare enn i fjorårets løp i september.
Kari hadde nest beste tid av alle kvinnene. Berre Elise Orten frå FRI IL sneik seg føre henne med 14 sekund.
Mange deltakarar i herreklassen måtte finna seg i å sjå ryggen til den spreke Uskedalsjenta. Ho fekk nemleg 25. beste tid av dei 100 deltakarane som fullførte halvmaraton. Imponerande!!
Det blei også konkurrert i heilmaraton(14 fullførte), 10km og 5km under Sunnhordland Maraton 2022. Uskedelingen Morten Myhre Eik sprang 5 km. Han sprang for Urangsvåg.
Vi gratulerer den spreke, allsidige og sympatiske læraren frå Korsnes med nok ein sterk idrettsprestasjon!
Bildet er frå fjorårets løp.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Svein Ove Bråtun