Heidra minnet til Rune Nilsen.

Rune Magne Nilsen gjekk bort natt til forrige mandag. Den velkjende uskedelingen ville ha blitt 68 år den 10. oktober. Rune hadde ei spelarkarriere som ingen uskedelingar kan måla seg med, og etter skoa blei lagt på hylla, har han vore ein markant person i fotballmiljøet i Stavanger-området, hovudsakleg knytta til hjarteklubben hans, Stavanger IF, der han spela tett på 300 kampar og var ein naturleg kaptein. Det var ein legende i Stavanger-fotballen som blei minna under Viking-kampen søndag.

Rune viste seg tidleg som eit fotballtalent utanom det vanlege. Alt som 15-åring reiste han til Bryne for å kombinera fotballen med skulegong. På den tida var Bryne ein toppklubb i Norge med spelarar som Arne Larsen Økland, Rune Ottesen og Gabriel Høyland. Det resulterte i at han spela på Rogaland sitt juniorkretslag mot sine tidlegare medspelarar på aldersbestemte kretslag til Sunnhordland krets. Der hadde han tidlegare blitt framheva som ein av dei beste spelarane saman med broren Geir.
Etter tida i Bryne blei han henta til Stavanger IF som på den tida hadde eit svært godt lag på øvre halvdel på tabellen på nivå 2. Enkelte sesongar kjempa dei til og med om opprykk til toppdivisjonen. Det var dette som blei klubben i Rune Nilsen sitt hjarte, og der blei han ein bauta gjennom mange sesongar som spelar og kaptein, og etter det i støtteapparatet.

Prestasjonane i SIF var så gode at han blei sterkt ønska i forsvaret til storebror Viking. Tilbodet var klart til signering. Sjølv om det frista veldig, takka han nei. Han oppgav to grunnar til det. Lojaliteten til SIF der han var kaptein, og ein travel arbeidskvardag med etablering av eige firma.
– Men Viking kom godt ut av det. Dei signerte Bjarne Berntsen, sa han til meg ein gong.
Han skulle likevel koma tett på A-laget til Viking. Sonen, Harald Nilsen Tangen, har som kjent vore ein sentral brikke på dette laget dei tre siste sesongane.
At Rune Magne Nilsen var ein markant person i Stavangerfotballen kom tydeleg til syne under Viking-kampen mot Sandefjord på søndag. Ei stor supportergruppe mintes fotball-legenden frå SIF og Uskedalen, med eit stort banner. Det fortel mykje; – ei flott markering. Sterkt og rørande.
Klubben i hans hjarte, SIF, vil heidra legenden ytterlegarer når dei spelar seriekamp komande fredag, same dag som Rune blir bisett i Stavanger krematorium kl.13.

Sjølv om Rune reiste tidleg ut, har han aldri gløymt heimbygda og uskedelingane. Også resten av familien med dei 5 borna er blitt glade i Uskedalen. Det var tett mellom turane hans, og det verka som han elska det. Han hadde alltid god tid til å slå av ein prat. Ofte med fotball som eit av tema, men også andre ting. Alltid humørfylt. Også denne sommaren besøkte han heimbygda med god hjelp. Mange uskedelingar har gode minne frå dette.

Sonen Harald har hatt ein god rådgjevar.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Thor Inge Døssland (arkiv) og skjermdump frå facebooksida til Lokal fotball Rogaland.