36.363 personar reiste med fly over Stord lufthamn i 2024. Samanlikna med 2023 er dette ein auke på 25.814 personar. Samtlege av dei reisande nytta seg av DAT si Oslorute. Kabinfaktoren på Osloruta var i 2024 på 62,2%.

Lufthamnsjef Jan Morten Myklebust er godt nøgd med den positive utviklinga på flyplassen.

Årsaka til den positive trafikkutviklinga er god frekvens, gode rutetider og konkurransedyktige billettprisar. I tillegg tilbyr Stord lufthamn gratis bilparkering for kundane sine. Staten inkluderte frå 01.04.2024 flyruta Stord-Oslo i sine FOT-ruter. Dagens anbod gjeld fram til 31. oktober 2027.

DAT nyttar flytypen ATR-42 med 48 passasjerseter og flyg i dag 15 rundturar pr. veke på Osloruta. Grunna godt belegg og stor etterspørsel vert det frå 04. mars sett inn ein ekstra rundtur på tirsdagar.

Lufttrafikktenesta registrerte i fjor 6.800 flyrørsler på Stord lufthamn. Samanlikna med 2023 er dette ein auke på 626 flyrørsler eller 10,1%.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal