Startar sykkelturen til Lyon måndag kl. 09.00. Innsamlinga er alt på over kr. 60 000,-.
Uskedalen.no vil i vekene framover fylgja Per Korsvold på sykkelturen til Lyon i Frankrike, med innsamling til kreftsaka. Fyrstkomande måndag kl. 09.00 startar turen frå Neset i Uskedalen. Ordførar Vegard Bjørnevik vil sykla saman med Korsvold fram til Rosendal. Fyrste etappe går til Hovden. Neste dag går turen til Kristiansand før avreise med ferje til Hirtshals i Danmark. Alt no er det samla inn over kr. 60 000,- til Kreftforeningen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Logo på Facebook