Frå kl. 11.00 i dag var det salsbod i Øyro Marina og Camping. Mina Alise Ormehaug ( 9 år ) har saman med fetter sin, Oliver Fiksen Skjoldal, organisert og laga til salsbord med inntekter til Sjukehusklovnane. Det gjer dei fordi dei vil støtta og helpa syskenbarnet deira ( 17 år ) som er og har over lang tid ofte vore pasient på Haukeland sjukehus. Mina er 3. generasjons Skjoldal som har sin faste ferieplass i Uskedalen. Familien kjem frå Os og frå heimen ser dei dagleg inn mot Uskedalen med Englafjell og Ulavanoso godt synleg. I Uskedalen er famlien Skjoldal godt kjent som frivillige på Festidalen kvart år. No er dei snart klar for ny innsats.

Beate Erland frå Aksdal i Tysvær er ein av dei mange som vil gje si støtte til innsamlinga.

For dei, som møter fram til salsboden på Øyro, er det høve til å kjøpa kake, marings, makrone, såpebobler, kulesugerøyr og mykje meir. Innsamlingsaksjonen held fram i morgon. Då har dei nysteikte boller, levert heim på døra. I tillegg er det loddsal med gevinstar. Mina og Oliver har god tru på at aksjonen vil gje inntekter på langt over kr. 1000,-. I tillegg til kontanter kjem det inn pengar på VIPPS. Heime på Os har dei vore med på innsamlinga til Ukraina.

Alle som vil gje si støtte, men som ikkje har høve til å vera i Uskedalen i Pinsehelga, kan ta kontakt med Christine Ormehaug på mobil: 928 28 582.

Innsamlingsaksjonen held fram i morgon med nysteikte boller, levert heim på døra.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal