Viktig at ei gruppe er i arbeid for å ta vare på namna!

Bakgrunnen for dette innlegget er ein telefon til ein ivrig turgårar. Då eg ringde han, var han på veg til SÅTA og han gjekk om HJORTAKLETT. Det skar skikkeleg i øyrene. Det heiter jo ikkje det!!! Han hadde namna frå kartet på ein god turkartapp som han brukte(Norgeskart friluftsliv). Det heiter ikkje HJORTAKLETT og SÅTA. Det heiter HJARTEKLETT og SÅTO!!
Det fekk meg til å tenkja på dei gongene eg har blitt spurt om vegen, og dei har sagt “Er dette veien til ULVENOSA?”. Det heiter ikkje ULVENOSA, men ULVANÅSO!!!
Eg går inn på den mykje brukte kartappen og finn både VESLANOSA og BERGSDALEN. Desse stadene har alltid heitt LÅGANÅSO og BØRSDALEN.
Dette er nokre få eksempel på at vi er i ferd med å endra namn på mange av plassene i Uskedalen. Derfor er arbeidet med å ta vare på stadnamna som ei gruppe er i gong med etter initiativ frå Audun Eik, særs viktig!
Eg ønskjer i alle fall ikkje at det vanlege i neste generasjon skal vera at dei seier Ulvenosa, Såta, Hjortaklett, Veslanosa, Bergsdalen osv.!!
Eg understrekar at same feila går igjen på mange kart, ikkje berre nemnde turapp.

Derfor må vi skriva desse stadnamna mest mogeleg lydrett!! Då bevarer vi dei best for ettertida!!

Det heiter Låganåso og Børsdalen!
Tekst, skjermdump og nett: Thor Inge Døssland