Stadig nye hus reiser seg i utsiktsperla Ospelunden.
Det er kjekt å følgja med på den store aktiviteten som føregår i Ospelunden byggefelt. Til stadighet blir nye hus ferdige samstundes som dei startar på fleire nybygg. Det er tydeleg at det er stor interesse for å etablera seg i dette byggefeltet med den spesielt vakre utsikten. Dette fører til det gledelege at fleire flyttar til bygda.
I forgårs flytta Marie Døssland inn i den siste tomannsbustaden som blei ferdigstilt. Ho flytta tilbake til barndomsbygda som pensjonist etter å ha tilbragt den yrkesaktive delen av livet som lærar i Bergen. Ho fortalde tidlegare at då ho såg utsikten i Ospelunden, visste ho med ein gong at dette var plassen! I naboleiligheta bur Anette Sandnes. Ho flytta tilbake til barndomsbygda med familie etter studiar og nokre år som sjukepleiar i Oslo. Dessutan har Tore Musland nyleg flytta inn i einebustad på toppen inst i feltet, medan nabo Karsten Tungesvik snart er klar for å ta med sine og flytta inn.
Aktiviteten framover er også stor. Ein tomannsbustad inst i feltet er no i ferd med å reisa seg.(Bildet øverst). Begge desse leileghetene er selde. Ytst i feltet reiser to einebustader seg, og ikkje nok med det. Denne veka blei også ringmuren til einebustanden til Sander Huke og Synne Nissestad støypt. Det unge paret frå henholdsvis Rosendal og Husnes har valt å busetja seg midt mellom barndomsbygdene. Eit godt valg med den plasseringa og den utsikten dei får.
Oddbjørn Kroka i Ospelunden fortel at det framleis er stor interesse for å busetja seg i feltet. Nytt er det at dei har fått godkjenning til å omregulera fire tomter til tomannsbustader. Dermed vil det etter kvart komma 8 nye leiligheter der. Desse ligg på rekkje på utsida av tomannsbustaden som nyleg blei ferdigstilt. Kroka seier at det kan bli vanskeleg å få ferdig byggemelding før ferien, men utpå hausten er nok byggearbeidet i gong. Han seier også at den flotte utsikten er den beste hjelparen han har i salgsarbeidet. Utsikten marknadsfører feltet på ein framifrå måte.
Det blir kjekt å følgja aktiviteten i feltet framover. Det som skjer i Ospelunden er særdeles viktig for bygda Uskedalen.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland