Gardsbutikken på Josnes er meldt inn på nettsida Norges Gårdsplass. Det er ei nettside for å marknadsføra god mat, god natt og god stemning. Elin Legland skriv at ho driv i liten skala, føl årstider og sesongar i respekt for både jord, sjø, dyr og folk. Vi ber ei arv som forvaltarar av eit stykke av vår felles framtid og levebrød, og gjer vårt beste for å ivareta dette med omsorg, kunnskap og kjærleik, skriv ho. Garden strekk seg frå fjord til fjell med dei ulike variasjonane som finst i dette. På nettsida finn vi informasjon om produkt, gardsopplevingar og nyhende. På Josnes finn vi utsal av varer produsert på garden slik som kjøtt, frukt og bær. Det er også utsal av varer som er produsert lokalt. Vi finn produkt for vælvære, med omtanke for planter, dyr og miljø.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Elin Legland