Koronaen set stoppar for mange årvisse og tradisjonsrike arrangement. Då gjeld det å vera kreative og finna gode og kjekke erstatningar. Det har Norgesgruppen gjort. Kvart år har dei svært mange tilsette som deltar i vårens vakraste eventyr, Holmenkollstafetten. Den er avlyst også i år, og derfor arrangerer Norgesgruppen ein stafett for tilsette rundt om i landet på deira heimstader denne veka. Den positive gjengen ved Spar Uskedalen var sjølvsagt med. Lørdag ettermiddag imponerte laget deira på Heio og kom i mål på 40.34 etter å ha tilbakelagt nøyaktig 9000 meter.

Heile 5500 deltakarar frå heile landet er med i stafetten, og etter det vi kjenner til, er det berre Spar Uskedalen som stilte lag frå Kvinnherad. Det var særdeles god stemning på Heio då løpet føregjekk. Andre tilsette, supporterar og ikkje minst dei to leiarane Gunn Mari Moberg og Kjersti N. Børve drog i gang den gode tribunestemning alt før start. Då leia dei to oppvarminga med å kjøra deltakarane gjennom ein sprek tik-tok-dans der bananer var eit viktig element.

Oppvarming er viktig. Banandans leia av Gunn Mari fungerer perfekt!
Dei to leiarane, Kjersti N. Børve og Gunn Mari Moberg tilfører alltid stemning og humør.

Det var gjort eit godt førearbeid. Sparflagga var på plass, og løpssjef Sigurd Børve hadde målt opp nøyaktige etappelengder og markert både vekslings- og målfelt. Han var også tidtakarsjef.

Det var nokre “vaksne” etappar på stafetten, og løypelengdene varierte frå 1000 til 3000 meter. Dette passa sprekingane frå Spar Uskedalen særs godt. Dei kom godt i gang etter at Vigdis Haugland og Margrethe Hillestad hadde gjennomført kvar sine tusen metrar, før sistnemnde sende Fredrik Haugland av garde. Lett og nærmast uanstrengt gjennomførte han 2000 meter før han leverte “stafettpinnen”(banana) til Kathrine Miljeteig som verkeleg sette på turboen og heldt god fart gjennom alle dei to tusen metrane. Siste etappe var 3000 meter, og der hadde laget Mathias Børve, ungguten med det lette, gode løpssteget. Berre nokre få sekund over 10 minutt brukte han før han var i mål, og dermed blei sluttida sterke 40.34. Ei imponerande gjennomføring av heile laget!! I skrivande stund er det kome inn resultat frå 397 lag, og Uskedalen ligg på ein svært respektabel 78.plass.

No blir alle resultat sendt inn saman med ein del bilde- og videomateriale. I morgon kveld er det “bankett” med ein happening på nettet med blant anna kjendisar som underheld. Der vert det også premiering. Det blir mellom anna premiar til:

  • dei tre beste på tid.
  • mest inspirerande bilde
  • mest morosame dans
  • ivrigaste firma
  • dei som gjer seg ekstra bemerka på ein eller annan måte.

DNT gjev også ut nokre gåvekort.

For oss som såg på, var det ei veldig kjekk stund på Heio. Den gode og rikhaldige serveringa som Spar Uskedalen stilte med, understreka den gode stemninga. Her var det ikkje berre kaffi og brus. I tillegg var det kake, smakfulle jordbær og melon, ja, og sjølvsagt klasevis med bananer. Rikeleg av alt! I tillegg letta det stemning at deltakarane stilte i artige kostymar til fotografering, og Kathrine Miljeteig braut mellom anna målseglet(“sommarvibbar”) iført kvardagsbunad. Gøy var det!! Leiarduoen Gunn Mari Moberg og Kjersti N. Børve kan verkeleg det å skapa den gode stemninga!

Laget: Mathias Børve(3000m), Kathrine Miljeteig(2000), Fredrik Haugland(2000), Margrethe Hillestad(1000) og Vigdis Haugland(1000). Litt artige kostymer gjer seg alltid!

Dei som var der syns det var så kjekt at dei håpa at det blei årvisst sjølv om Holmenkoll-stafetten forhåpentlegvis er tilbake i 2022. Då kan vi håpa på fleire lag frå den sporty og serviceinnstilte gjengen. Vi fekk inntrykk av at både Kjersti og Gunn Mari angra litt på at dei ikkje var med i år. “Det kunne ha vore kjekt, men det er litt “rust i fjøringane”, sa Gunn Mari m.a. på vanleg humoristisk måte i talen sin då ho overrekte medaljane.

Ja, ja, sjølv om dei ikkje sprang, hadde dei to søstrene ein viktig funksjon også denne dagen!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.