Ikkje uventa vann Sindre Solbakken Omvik klassen for menn og sette den fyrste løyperekorden på 5 min. og 10 sek. ( Sjå bilete på topp ). Skårhaug Opp vart den folkefesten arrangørane Uskedal Friluftslag og Uskedal Idrettslag hadde vona på. Med eit deltakartal på over 50 har ein all grunn til å vera nøgd i ei tid då tradisjonelle løp som SØRAL løpet og Kvinnheradløpet har merka minkande interesse dei siste åra. Uskedalen har noko å leva opp til. Strandstafetten var eit fast innslag i bygda 1. mai over ein 20 års periode. Nokre år var det Solfjell Opp. No handlar det om Skårhaug Opp der breidde, mosjon, miljø og sjarm er viktige delmål.

Astrid Haugland og Harald Sunde i fint driv – mosjonsklassen.

Mosjonsklassen samla 30 deltakarar der Per Olav Myklebust vann gåvekort på SPAR til ein verdi av kr. 500,-. I klassen damer vann Marianne Korsvold frå Uskedalen. Viljar Hella Berge-Soldal vart nr. 1 i klassen gutar storskule. Maiken Mehl vann den same klassen for jenter. I klassen ungdomsskule var det ein deltakar. Det var Trym Sæle.

Dei fyrste deltakarane i mosjonsklassen er komne på toppen, 49 moh.

Etter løpet var det premieutdeling og konsert med Musikklaget og Rustne Menn i Strandstovo. Det var gratis lappar, saft og kaffi til alle og mange nytta høve til å ta lodd i Friluftslaget sitt vedlotteri. Trekking vert laurdag 26. august.

Takk til sponsorane SPORT 1, Rosendal og SPAR, Uskedaen.

Sekretariatet med ansvar for påmelding og listeføring.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal