Sparer tid og krefter ved bruk av drone i landbruket.
På medlemsmøte i Uskedal Bondelag var Anders Aune frå Norsk landbruksrådgjeving invitert til å snakka om bruk av drone i landbruket, mellom anna ved ugrassprøyting. Aune fortalde om programvare og det formelle ved godkjenningar som må vera på plass før ein tek drone i bruk. Bruk av drone vil vera eit effektiviseringstiltak og spara bonden for tid og krefter, ofte ved arbeid i bratt og ulendt terreng.
Stian Haugland, styreleiar i Uskedal Bondelag, fortel til uskedalen.no at forsøket blir gjennomført i vår- eller hausthalvåret 2025. Forsøk til no viser at ved fruktsprøyting kan det gå med 5-7 liter pr dekar. Normalt ligg ein på ca 20 liter pr dekar. På Haugland og Kjærland er om lag 100 dekar godkjent for forsøk, fordelt på 3 beite. Dronene kan ta med 25 og 40 liter sprøyteveske. På Haugland vil ein også bruka drone til gjødsling og eventuelt litt vedlikehaldssåing i beiter. Då kan den bera med seg 50 kg kunstgjødsel.
Hauso frå Vestland Bondelag var med på møte i Uskedalen. Han orienterte om aktuell saker i landbruket og om vegen vidare fram mot valet i 2025. Beredskap og bruk av rette måltal i drøfitnga av landbruket og klima er viktig å få fram.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal