Ved siste tildelinga av gåver frå Sparebank 1 stiftinga Kvinngerad har Uskedal musikklag blitt tildelt 57.000 kr. til nye instrument. Det er eit stort og viktig bidrag som bandet set stor pris på. Pengane skal brukast til vidare fornying av instrument og slagverksutstyr. Over ser vi dei glade og takksame bandmedlemmene som fekk plass på bildet. Vi gjer merksam på at bildet blei tatt like før dei siste koronarestriksjonane tredde i kraft.

Med denne gåva har musikklaget fått 107.000 til instrument frå Stiftinga dette året. I vårhalvåret fekk dei nemleg 50.000kr til innkjøp av instrument. Bandet har også tidlegare fått gåver til instrument, lys på Julagrano og opptaksutstyr og diverse anna utstyr.

Musikklaget har hatt høg aktivitet med normalt to øvingar i veka og mange opptredenar dei seinare åra. Sjølvsagt har koronasituasjonen prega aktiviteten. Det har vore både pause og færre opptredenar. Likevel har dei hatt god aktivitet med kreative øvingsløysingar og at storparten av konsertane har vore utandørs.

Fram mot jul var det naturleg nok planen dei skulle ha ein del opptredenar både i Uskedalen og andre Kvinnheradsbygder. Desse kan sjølvsagt ikkje gjennomførast som planlagt. Alt må føregå utandørs og er veravhengig. Derfor blir det 3 – 5 spelingar før jul. Sist tirsdag spela bandet julemusikk til opning under adventsmiddagen på Perla.

Musikklaget er svært takksame for den gode og viktige støtta dei har fått frå Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad. Dette er eit stort lyspunkt som gjer ekstra godt i ei tid der koronaen gjer det meir krevjande å halda aktiviteten oppe. Stiftinga er ekstra viktig for kulturlivet i slike tider.

Tekst, foto og nett:  Thor inge Døssland