Vi håpar alle kan sjå tilbake på ei fin julaftan, og ønskjer alle ein fin 1.juledag. Vi håpar og at mange allereie har kosa seg med oppgåvene som vi la ut i går. Viss ikkje, har de god tid på dåke. Ta det når det passar. Ta gjerne ei økt, legg det litt vekk og fortset seinare.
I dag er det songar som er mykje brukt i jule- og adventstida som er i sentrum for oppgåvene. Vi håpar det fell i smak. Og hugs! De treng ikkje å klara alle. Det viktigaste er å delta og å ha glede av å klara nokre av oppgåvene.

I dag skal de finna fram til kva songar linjene nedanfor er henta frå. De skriv tittel eller første linje.

  1. «Men englane song der ute
    På Betlehems aude eng.»
  2.  «Og så bar det opp igjen, snart var vi på topp igjen
    Så lo vi mens vi akte små og store.»
  3.  «aldri forstummer
    tonen fra himlen»
  4. «nissen kommer hit å ser, gaver har han også med.
    en til far og en til mor, en til alle barn på jord.»
  5. «Jeg henter katten hvis dere ikke holder opp!
    Når katten kommer, skal det nok bli stopp.»
  6. «Må ingen miste motet
    Før alle folk er ett»
  7. «Så gjer vi så når til kyrkje vi går.»
  8. «Det vesle barn i Betlehem,
    han var ein konge stor,»
  9. «En nyfødt kjærlighet sover
    Nå er Guds himmel nær»
  10. «Så umerkelig så stille,
    Byens gater helt forlatt,»

Svara kan levera på følgjande måtar saman med svara på oppgåvene frå i går og i morgon Svarfrist 28.12. kl.18.00.

  • Skriv alle svara på eit ark og lever det inn til SPAR Uskedalen. Hugs namn!
  • Send svara frå alle tre dagane på epost til: uskedalen.no@gmail.com
  • Send svara samla som melding på messenger til underteikna.

Premiering:

  • Hovudpremien, den største posen som Gunn Mari held på bildet, blir trekt ut blant dei som har delteke og levert svar på oppgåvene som blir presentert alle dei tre dagane.
  • Andrepremien, den andre posen som Gunn Mari held på bildet, går til den som har flest rette totalt. Viss fleire er like, blir det loddtrekning.
  • Trøystepremiar(Flaxlodd). Det blir trekt ut tre trøystepremiar, – ein på kvar av dei tre oppgåvetypane. For å bli med i loddtrekninga, må ein ha 50% eller meir rette svar på den aktuelle oppgåvetypen.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland