Då er det tid for å publisera første av tre deler i årets julekonkurranse. Som tidlegare år er det Spar Uskedalen som stiller med velsmakande premiar som blir trekt ut til vinnarane den 29.desember. Frist for innlevering av svar er 28.desember kl.18.
I dagens konkurranse gjeld det å plukka ut dei feite blå bokstavane og stokka dei i rett rekkefølge slik at det blir eit ord som har relasjon til jula.

Del 1:

  1. Julagrano i Uskedalen er den klart vakraste som finst i mange mils omkrins!
  2. Julebrøda San` en smakar heilt fantastisk med både kvitost, brunost og sirup.
  3. Gros Blomster hadde så mykje nydelege blomar og dekorasjonar no til jul.
  4. Elin hadde det ekstra travelt no i førjulstida.
  5. På Zjakk trylla dei fram nydelege frisyrar på kundar frå heile distriktet.
  6. Hjønnevåg bruka berre dei beste råvarene frå havet for å levera gode produkt ut til kundane.
  7. På Brekketoppen syt Auto 88 for at vi får ordna alt med bilen.
  8. Kvinnherad Vekst AS ordnar med alt frå klesvask til spikar og nydelege kaker.
  9. Sigurd Myklebust selde rekordmange tilhengarar i år.
  10. Mange gler seg til å sjå Bjørgulv i hovudrollen i «Dreng som duger» når dei går på scenen15.januar.
  11. Døme: Vi ønskjer alle ei fredeleg og god julehøgtid. (Svar: lefse)

Svar frå alle tre delene skal leverast samla. De kan levera på følgjande måtar innan 28.12.22 kl.18.

  • Skriv alle svara på eit ark og lever dei inn til SPAR Uskedalen. Hugs namn!
  • Send svara frå alle tre dagane på epost til: thordossland@gmail.com
  • Send svara samla som melding på messenger til underteikna.

Premiering:

  • Hovudpremien blir trekt ut blant dei som har delteke og levert rett svar på meir enn 80 % av oppgåvene som blir presentert alle dei tre dagane.
  • Andrepremien, den andre posen som Gunn Mari held på bildet, går til den som har flest rette totalt. Viss fleire er like, blir det loddtrekning.
  • Trøystepremiar(Flaxlodd). Det blir trekt ut tre trøystepremiar. For å bli med i loddtrekninga, må ein ha 70% eller meir rette svar.

Lukke til!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland