Då er vi klare til å presentera siste tredjedel av årets julekonkurranse som er eit samarbeid mellom Spar Uskedalen og denne nettsida. I dag får de 14 setningar som de skal skjerpa blikket på, og leita etter pattedyr. De skal finna eit dyr i kvar setning. (Kje og ver er ikkje svar!)
Når de har arbeidd dåke gjennom oppgåvene frå alle tre dagane, kan de senda svara dåkes. Men de har framleis god tid på dåke. Svarfristen er jo ikkje før 28.12. kl.18.00.
Hugs å levera svara sjølv om de kanskje er usikre på ein del. Nettopp du/dåke kan vera blant dei heldige vinnarane. Her treng de ikkje å ha alt rett for å vinna hovudpremien. Her er det viktigast å delta og å ha det kjekt!!
Elles set vi pris på at vi har fått kjekke tilbakemeldingar etter at dei to første delene er publisert. Kjekt at det engasjerer rundt omkring!

Lukke til!

Finn pattedyr (ikkje kje eller ver):

Døme: Han sa uendeleg mykje vas. (Svar: sau)

  1. Turisten spurde kor nokre av dei finaste turløypene var, og eg prøvde å gi han gode tips.
  2. Bunad er festkle menneska, både kvinner og menn, blir særdeles stilige i.
  3. Dei gjekk truleg ei turløype som ikkje var T-merka då dei gjekk seg vill i fjellet.
  4. Eg tykkjer verdensituasjonen er særs dramatisk, ja skremande, for tida.
  5. Han fiska mellom klokka seks og åtte kvar enda dag i veka gjennom heile året.
  6. Og Pål han tok seg ein stor og tung stein uti neven og kasta den alt han kunne.
  7. Løypa gjekk frå dyrka mark, gjennom granskogen og heilt opp på toppen av snaufjellet.
  8. Den dama er dyr i drift, for ho kjøper ei ny jakke annakvar veke og påstår at det er på sal
  9. Eg trur nok valgresultatet til partiet kjem til å bli skuffande med den politikken som dei fører no for tida.
  10. Dette er verdifullt, og ikkje skrot, tenkjer nok samlaren ganske så ofte.
  11. Den milde og berusande midtsommarsvinden strauk gjennom dei livlege krøllene hennar.
  12. Det var ein gedigen keepertabbe verken trenaren eller medspelarane sette pris på.
  13. Ein svært kjend musikal vert sett opp til våren med sentrale aktørar frå Uskedalen på scenen.
  14. Det blei jammen veldig trongt på gjesterommet med alle menneska ni netter på rad i same dobbelseng.

Lever svara samla på ein av desse måtane innan 28.12. kl.18.00.

  • Skriv alle svara på eit ark og lever dei inn til SPAR Uskedalen. Hugs namn!
  • Send svara frå alle tre dagane på epost til: thordossland@gmail.com
  • Send svara samla som melding på messenger til underteikna (f.eks. som bilde).

Premiering:

  • Hovudpremien blir trekt ut blant dei som har delteke og levert rett svar på meir enn 80 % av oppgåvene som blir presentert alle dei tre dagane.
  • Andrepremien, den andre posen som Gunn Mari held på bildet, går til den som har flest rette totalt. Viss fleire er like, blir det loddtrekning.
  • Trøystepremiar(Flaxlodd). Det blir trekt ut tre trøystepremiar. For å bli med i loddtrekninga, må ein ha 70% eller meir rette svar.

Lukke til og takk for innsatsen til alle!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland