Vi håpar alle kan sjå tilbake på ei fin julaftan, og ønskjer alle ein fin 1.juledag. Vi håpar og at mange allereie har kosa seg med oppgåvene som vi la ut i går. Viss ikkje, har de god tid på dåke. Ta det når det passar. Ta gjerne ei økt, legg det litt vekk og fortset seinare.
I dag er det ordrebusar som er i sentrum for oppgåvene. De skal prøva å finna fram til 7 plasser i Uskedalen og 7 stader andre plasser i kommunen vår. Vi håpar det fell i smak. Og hugs! De treng ikkje å klara alle. Det viktigaste er å delta, og å ha glede av å klara nokre av oppgåvene.

I dag skal de altså fram til 14 geografiske namn; – 7 i Uskedalen og 7 frå andre bygder i Kvinnherad. Lukke til!!
Døme: Farga stein = Raudstein.

  1. Steinrikeeng
  2. Solodde
  3. Trefjellstryket
  4. Nedanfor hus
  5. Bergflata
  6. Fiskereiskaprike
  7. Skuldkjensle for insekt
  8. Stjernestein
  9. På hovudet er område
  10. Den siste fuglelyd
  11. Stolen bukt
  12. Fire stemmer sin pynt
  13. Brystsøkk
  14. Rettasundet

Svar frå alle tre delene skal leverast samla. De kan levera på følgjande måtar innan 28.12.22 kl.18.

  • Skriv alle svara på eit ark og lever dei inn til SPAR Uskedalen. Hugs namn!
  • Send svara frå alle tre dagane på epost til: thordossland@gmail.com
  • Send svara samla som melding på messenger til underteikna.

Premiering:

  • Hovudpremien blir trekt ut blant dei som har delteke og levert rett svar på meir enn 80 % av oppgåvene som blir presentert alle dei tre dagane.
  • Andrepremien, den andre posen som Gunn Mari held på bildet, går til den som har flest rette totalt. Viss fleire er like, blir det loddtrekning.
  • Trøystepremiar(Flaxlodd). Det blir trekt ut tre trøystepremiar. For å bli med i loddtrekninga, må ein ha 70% eller meir rette svar.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland