Sist jul samarbeidde Spar Uskedalen og denne nettsida om ein julekonkurranse som blei veldig populær. Deltakinga var enorm, og tilbakemeldingane var veldig kjekke.
No føl vi opp samarbeidet med ein påskekonkurranse etter same leist. Påska er jo også ei særs god tid for slike aktivitetar. Som sist er oppgåvene i tre deler og av tre ulike typar. Også denne gongen er geografiske byar og land og fornamn med, men julesangane er bytta ut med barne- og familiesangar. Oppgåvene eignar seg godt til samarbeid i grupper, mellom barn og vaksne, og i interne konkurransar før det blir sendt inn. Dei fungerer også svært godt som individuelt “putl”. Det blir presentert nye oppgåver på Uskedalsida palmesøndag, onsdag før skjærtorsdag og på påskeafta.

Også denne gongen stiller Spar Uskedalen med særs velsmakande premiar:

  • Eit stort påskeegg blir trekt ut blant alle deltakarane som har meir enn 75% rette svar.
  • Eit påskeegg går til den som har fleste rette svar. Viss fleire står likt, blir det loddtrekning.
  • Trøystepremiar er det også: Flaxlodd

Svara må vera levert innan 19.april kl.18. Dei kan levaerast på følgjande måtar:

  • Skriv alle svara på eit ark og lever dei inn til SPAR Uskedalen. Hugs namn!
  • Send svara frå alle tre dagane på epost til: uskedalen.no@gmail.com
  • Send svara samla som melding på messenger til underteikna(Thor Inge Døssland).

Då er det berre å klara hjernen til første oppgåvene kjem på palmesøndag. Vi håpar at konkurransen vil skapa mykje glede, samhald og song rundt om i heimane!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian O. Bringedal