I juledagane er det tid for å nyta tida saman med familie og nære. God mat er sjølvsagt, men mange likar også å samle familien rundt både brettspel , puslespel og “julenøtter”. Det er koseleg avveksling innimellom dei solide måltida.
Også i år vil uskedalen.no saman med Spar Uskedalen ha ein julekonkurranse med smakfulle premiar. Det er dei snille og hyggelege “julenissane” på Spar(bildet) som gjev premiane.
Konkurranseperioden er frå julaftan til fjerde juledag(28.12.) kl.18.00. Det blir lagt ut nye oppgåver julaftan, 1.juledag og 2.juledag midt på dagen. Det blir ulike oppgåvetypar kvar dag. Vi håpar at oppgåvene passar slik at dei kan løysast av heile familien i samarbeid eller av enkeltpersonar som ønskjer det. Svara må vera innlevert innan onsdag 28.12. kl.18.00.
I premieringa vert det lagt til grunn at ein ikkje nødvendigvis må vera best, men det viktigaste er å delta.

Det er 5. gongen SPAR USKEDALEN/Uskedalsida har slike konkurransar. To gonger tidlegare har vi hatt det i samband ved jul og to gonger ved påske. Ein god grunn til at vi held fram, er den overveldande responsen som viser at folk set pris på det.
Vi kjem tilbake med reglar, premiering og oppgåver seinare. Vi understrekar at det er god tid til å ta oppgåvene når det passar, men svara må vera levert samla for alle tre deler til thordossland@gmail.com eller SPAR USKEDALEN innan 28.12. kl.18.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland.