Vann Kvinnheringen si kåring.

Kvinnheringen sine lesarar har kåra Spar Uskedalen til “Beste servicebedrift” i Kvinnherad. For oss som er kundar der, er dette slett ikkje overraskande. Derimot så jublar vi med dei og synest det er heilt fortent. Med eigarane Gunn Mari Moberg og Kjersti Nilsen Børve i spissen tar alltid den hyggelege betjeninga mot kundane på ein forbilledleg måte. I dag blei dei, ved Kjersti N. Børve, overrekt det synlege beviset på at dei er beste servicebedrift og blomar av journalist i Kvinnheringen, Marius Nissestad.
Prisen vann det etter ganske jamn kamp med to andre bedrifter som er gode på service, Dekkservice Vest AS og Nye Fjelberg Landhandel på Borgundøy. Dermed var det to uskedelingar i finaleheatet i og med at Johannes Hjønnevåg driv Dekkservice Vest AS. Både Johannes som held til på Husnesavdelinga og Mikal Skaale som styrer Rosendalsavdelinga er kjende for å setja service i første rekkje.
Kjetil Hauge var ein av dei som kom med framlegg på Spar Uskedalen medan Christian Bjørgen skriv ein svært positiv omtale av Dekkservice Vest AS. De kan lesa bakgrunnen for at dei tre bedriftene kom til finalerunden ved å trykka HER. I ei jamn avstemming kom alle på 30-talet i prosent med Spar Uskedalen eit hestehovud føre dei to andre.
Vi gratulerer Spar Uskedalen med den velfortente heideren, og på bildet ser vi Kjesti N. Børve saman med heidersbeviset og blomebuketten dei fekk frå Kvinnheringen.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland