
SPAR Uskedalen - ein god plass å ha sommarjobb.
Fleire ungdomar har kvart år sommarjobben sin på SPAR. Uskedalen.no fekk møta dei som var på ettermiddagsvakt i går. Det er Mathilda Kristiansen, Sondre Kjerpeseth , Angelica Fjelland og Jeanett Steinsletten. Martine Myklebust har friperiode og er såleis ikkje med på bilete. Mathilda jobbar mest i fruktsvdelinga. Dei andre har ansvar for varepåfylling og litt i kassen. Jentene har sin første sommarjobb på SPAR. Sondre starta for to år sidan.

Dagleg leiar, Gunn Mari Moberg, er godt nøgd med sommarvikarane. Dei er arbeidssame og kjekke på alle måtar. Gunn Mari fortel at jobben deira er viktig for å halda drifta i gang. – Vi hadde ikkje klart oss utan dei, fortel ho. Om sommaren er det totalt 18 personar i arbeid på SPAR.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal