Etter overgangen til ny nettside var det problem med å få spalta som viser dei mest lesne sakene, til å fungera. Vi fekk fleire tilbakemeldingar frå lesarar om at den ikkje kunne visa rett. Dei gav også uttrykk for at det kunne bli ei spalte av interesse for lesarane. Teknisk avdeling fann grunnen til dette, og det er for lengst retta opp. No viser spalta dei 4 sakene som er blitt mest lesne i løpet av dei 30 siste dagane. Ein finn spalta når ein går inn under fana Nyhende.

Akkurat no er det saka som vi hadde om S. Rødsten bilforretning AS som toppar denne lista. Den er litt meir lesen enn det vi skreiv om fjellsportarane som var på Rabben Feriesenter i byrjinga av september. Deretter følgjer ei sak om vassutkopling tidlegare i månaden og det vi skreiv om dei populære seniormiddagane på Vertshuset Perla.

Det er ein kjekk spalte å følgja med på for dei som har interesse for slikt, og sakene på lista forandrar seg jamnleg. Etter ein månad er dei ikkje aktuelle for lista lenger.

Skjermdump av spalta slik den er no.
Tekst, skjermdump og nett: Thor Inge Døssland.