Det tredje og siste programmet Søringen og samen gjekk på TV2 måndag i denne veka. Filmskaparen og eventyraren Anders Kråkevik fortel til uskedalen.no at sjåartalet auka med det doble til 200 000 frå episode 1 til 2. Eit sjåartal på 200 000 på eit naturprogram vert rekna som svært bra. TV2 er godt nøgd med framsyninga. Anders Kråkevik kjem frå Sørfjorden i Hardanger, bur på Eikelandet Brygge i Uskedalen og er til vanlag nordjøarbeidar. Det ligg i korta at det vert nye filmprosjekt med Kråkevik.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Skjermdump TV2