Mange sat klistra til skjermen på måndag då Anders Kråkevvik presenterte fyrste episode av serien Søringen og saman på TV2. I beste sendetid fekk endeleg filmskaparen og eventyraren Anders Kråkevik synt fram noko av det han driv med som friluftsmenneske i møte med menneske frå andre kultursamfunn. Opninga syner Kråkevik i lufta med paraglidaren sin og landinga på finnmarksvidda. Her møter han samen Mattis med reinsdyra sine. Dermed er løpet lagt for eit lengre opphald. Kvar av dei tre episodane er på heile 44 minuttar og innhaldet er sannferdig og synt fram på ein realistisk måte.

Anders Kråkevik går inn for landing på Finnmarkskysten.

Det meste av program 1 handlar om gjeting og reinsdyrflytting på vinteren i streng kulde. Vi får eit godt inntrykk av bu-og levemåten i lavvo på Finnmarksvidda, som til tider kan vera dramatisk. Jula saman med samen Mattis er godt presentert. Julegåva er ein dunk med sider frå Sørfjorden i Hardanger.

Innimellom alt vert vi etter kvart betre kjend med Anders Kråkevik. Han fortel om barndom og oppvekst, mest saman med bestemora si ute i fjorden. I dag bur Kråkevik på Eikelandet Brygge i Uskedalen. På premierdagen var han sjølvsagt saman med Mattis nordpå.

Søringen, samen og skallane. Plakat på SPAR Uskedalen.

Dei som vil sjå episodane veke for veke, har mykje gildt å sjå fram til.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Skjermdump frå programmet Søringen og samen