SØRAL utbygginga er tema på Vårmøte i Uskedal Historielag, måndag 27. april i Gamleskulen. Åsmund Kåre Rørvik er gjest.
Åsmund Kåre Rørvik vitjar oss og vil fortelja om og visa mange bilete og avisoppslag frå anleggstida på Husnes då Søral vart bygd. Det vart store omveltingar på kort tid og 24 familiar måtte flytta frå heimane sine. Men samstundes vart det arbeidsplassar for svært mange i anleggstida, og ikkje minst då aluminiumsproduksjonen starta. Men viktigast av alt: Det vart framtidsvon for oss alle i kommunen. Dette er ein presentasjon han har sett saman spesielt for denne kvelden.



Det vert korte innlegg frå nokre av dei frå Uskedalen som var med på anlegget eller hadde arbeidet sitt på SØRAL i mange år. Verksemda har i dag namnet Hydro Husnes.
Møte vert i Gamleskulen, måndag 27. april, kl. 19.00
Biletet på topp syner A-hallen og Støyperiet under bygging. Sjå brakkerigg og losjiskip! (Bilete frå Søral)
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkiv Kjelde Åsmund Kåre Rørvik