Røysterett for Alle gler seg til å arrangera songkafé att. Dette går av stabelen torsdag 02.11. kl. 19:00. Me har fått Rosendal Songlag med dirigent Christian Meaas Svendsen som gjestekor – det vert spanande å høyra dei no som dei har fått seg ny dirigent. Frode Kaldestad akkompagnerer Røysterett på fleire av songane deira. Det vert nok ein del frå repertoaret me hadde med til Færøyane, så no får me framført det her og. I pausen vert det åresal og servering av kaffi og kaker. Det vert og høve til litt allsong – med akkompagnement, sjølvsagt. Inngang: kr. 100,-.


Tekst: Svein Rimestad
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal