Torsdag i denne veka inviterer Røysterett for Alle til Korkafe i Helgheim. Gjestekor er Rosendal songlag med ny dirigent, Christian Meaas Svendsen. Uskedalskoret vil presentera repetoaret frå turen til Færøyane. Eit av innslaga er songen Heimsbilete. Komponisten, som dirigerer kor, var tilhøyrar på ein av konsertane. Det er far til komponisten som har skrive den færøyske originalteksten. Han sa: “Eg har aldri høyrt songen sunge så vakkert – eg fekk og høyrt nye tilnærmingar til melodi og tekst som eg vil ta med meg vidare når eg jobbar med denne songen”. Det var ein god attest. Les meir om repetoaret som vert framført på korkafeen.

Frode Kaldestad er Røysterett for Alle sin faste pianist. Han var også med til Færøyane.
  • Har du visor, min vän, ei svensk vise
  • Heimsbilete (Heimamynd), ein færøysk song (norsk tekst)
  • Det vakraste av alle dikt, eit dikt av Magne Myhra, tonesett av Per Indrehus
  • Nu har jag fått den jag vill ha, ei svensk vise av Olle Adophsson
  • Vitae Lux, latinsk og norsk tekst, tonesett av Frode Alnes
  • I’m Gonna Knock on Your Door, popmelodi frå USA

Tekst: Svein Rimestad
Foto: Arkivfoto/ faksimile av plakaten
Nett: Kristian Bringedal