Røysterett for Alle trør til med Songkafé i Helgheim etter at innsamlinga til TV-aksjonen er ferdiggjort denne sundagen. Dersom overskot, går halvparten av dette til TV-aksjonen. Ved dette høvet er me forsterka med Husnes Blandakor. I helga har me hatt seminar saman, og kan presentera ein del nytt stoff – som attpåtil er «nypussa». Me har i ein del år samarbeidd om ein del arrangement. Me har i denne tida hatt same dirigent (Maria Malmsten), vorte godt kjende med einannan, og vorte ganske samkøyrde. Nytt høvet til å høyra fyldig korsong!


Musikalske gjester elles er Kuturskulen sitt barnekor Mama Emmas og ei gruppe som kallar seg Trio X. Truleg vert dette einaste høve til å høyra Trio X. Det vert og litt allsong, åresal, samt kaffi og kaker på inngangsbilletten (100,- kr.).


Vonar flest mogleg tek turen på sundag!

Tekst/plakat: Svein Rimestad
Nett/arkivfoto: Kristian Bringedal