Dei siste åra har Uskedal musikklag hatt eigne allsong program. Kristian Bringedal har vore forsongar og konfraniser. Framføringane er lagt til institusjonane i Rosendal, Husnes og Halsnøy, Kafe Tiaren, på bygdakafeen i Herøysundet og i enkelte andre samanhengar. Musikklaget, ofte kalla Veteranbandet, har til no brukt sjølvkopierte songhefte. Dette har vore vellukka og særs positivt har det vore at publikum har blitt delaktig i programmet. Stor aktivitet synte at det var behov for eit permanent hefte med fleire songar å velja i. Bilete på topp syner nokre av medlemene som syner stolt fram songhefte, truleg det fyrste i sitt slag produsert av eit korps i Kvinnherad.

Bandet har valt ut 50 velkjente og godt eigna allsongar. I tillegg har bandet også sin eigen song, Kva er vel livet utan sang, kjent melodi, med tekst av eit par av bandmedlemmene. Nokre av songane har frå før musikkarrangement som eignar seg til allsong og for laget sin instrumentbesetning, men ikkje alle. Derfor har ein fått spesiallaga musikkarrangement på tett på 20 songar. Det er Bjørn Aakre i Trondheim og Per Olav Paulsen på Stord som har gjort det.

I kvar opptreden har musikklaget ca ein halv times program der ein gjerne legg inn eit instrumentalt nummer.

Logo, teikna av Thor H. Myklebust, er ein viktig del av framsida.

Allsonghefte i A4 format har stor skrift og med illustrasjonar som høver til nokre av songane. Kvar songtekst går over ei eller to sider. Det er såleis lett å finna fram i hefte. Grafisk utforming: Salikat Design. Trykk: LOS Digital AS. Gunnlaug Eik og Liv S. Eik er fotografane. Papirkvaliteten er god og med limt rygg er hefte meir slitesterkt.

Prosjektet er finansiert med støtte frå SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad. Medlemene har vore med i arbeidet med å finna gode og høvelege tekstar. All eigeninnsats er gjort som dugnad.

Songhefte vil bli presentert og fyrste gong brukt på Kafe Tiaren tysdag 1. oktober og seinare på salmekveld i kyrkja.

Tekst: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal
Foto/nett: Kristian Bringedal