Laurdag var det stor aktivitet på kunstgrasbanen i Uskedalen. Her var fotballtalent samla for sonesamling. Dei unge spelarane synte mykje fotball-glede, og dei lot seg ikkje stansa av det dårlege vèret.

Sonesamling i Sunnhordland er ein del av Norges Fotballforbund sin Landslagsskule og spelerutvikling for lokale fotballtalenter i aldersgruppa rundt 12 år. Intensjonen til Landslagsskulen er å identifisera, stimulera og utvikla dei mest lovande fotballspelarane, som kan utvikla seg til toppspelar på nasjonalt nivå.

Sone Sunnhordland består av Kvinnherad, Stord, Bømlo og Tysnes med omland. I gamle Hordaland er det seks soner.

Sone-uttak skjer i slutten av desember/januar, der kvar fotballklubb plukker ut 1-2 talenter. Videre starter sonesamling i januar, der alle talenter samles.
I Sunnhordaland var det ca 70 gutar og ca 70 jenter fødd i 2014.
Vidare er det samlingar med trening utover våren, der det er ulike trenarar/talentutviklerar som er med.

På samlinga i Uskedalen denne helga, var 70 blitt til 24. Videre skal stallen videre ned mot ca 16 gutar og 16 jenter, som skal møte andre soner i ei soneturnering.

Etter sonelag, blir det eit Kretslag, som blir danna av dei 6 sonene i Hordaland Fotballkrets. Og etter det er det Landslag.

I år hadde vi med Abel Saghaug som eit av talenta. Han speler til daglig for Rosendal. Med seg hadde han lagkamerater Jonas Hjelmeland fra Omvikdalen og William Øyjord fra Rosendal. Videre var Trio og Halsnøy representert med ein speler kvar.
På jentesida var det bare ei jente fra Trio.

På trenersida hadde «vi» med Bente Haveland, med sin lange erfaring på toppnivå i norsk fotball.

Vi i Uskedalen IL er stolt av å ha sonesamling i bygda. Og skal vi tru tilbakemeldinga fra leiarane, kjem dei tilbake neste år. Er dette på grunn av dei fine forholda her, eller den gode servicen fotballpappa Jarle sytte for med kaffi og frukt, det er uvisst.

Tekst/foto: Per Korsvold
Nett: Marianne Korsvold