Den fantastiske blomebutikken i bygda vår, Gros Blomster, er inne i den travlaste perioden dei har i året. I butikken er det så mykje fint at det er heilt umogeleg å beskriva det med ord. Vi anbefalar alle å ta turen, og det gjer svært mange! Derfor utvidar dei no opningstidene fram mot jul. I morgon, 18.desember, har dei søndagsope frå kl. 14 til 18. Den komande veka, frå mandag til vesle julaftan, har butikken langope frå kl.9 til 18, og julaftan er butikken open frå kl. 9 til kl.12.
Mange frå heile Kvinnherad tar turen innom til dei hyggelege damene hos Gros Blomster, og då går dei alltid ut døra fylt av julestemning.

Fantastisk mykje nydeleg hos Gros Blomster no!!
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Gros Blomster